Sigrid og Kaur på roadtrip

Til helga er det den storslåtte Vestlandskonferansen i Bergen, og i det høve har eg drege med meg Kaur ein tur til heimfylket. Me skal reise rundt i Sogn og Fjordane og spre den glade nei-bodskap, verve kids, og dra med oss folk til Bergen.

Me kom til Kaupanger på måndag, og har rakk så vidt ein tur innom Sogndal med plakatar og stæsj. Kaur fekk møta han far, og det gjekk overraskane knirkefritt.  Tysdags morgon klokka halv 8 sette me oss i Volvoen og spann avgarde mot Sunnfjord. (Volvoen har forøvrig automatgir, noko som har ført til eit par rare bråstopp i løpet av dagen..) Me holdt skuleforedrag på MoVidaregåande, hatt stand på Øyrane VGS i Førde, og verva 5 glade ungdommar.

Alt i alt ein fin dag, flotte folk og god stemning. Kaur er storveges imponert over den vakre vestlandsnaturen, og seier han vil slutte i jobben som reisesekretær for å busette seg på ein fjellknaus i Sogn. Eg gler meg til neste sesong av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» allereie.

Dagen har ellers bestått av mykje snus og kaffi.

Nøgd Kaur tek kaffipause ved Jølstravatnet

Nøgd Kaur tek kaffipause ved Jølstravatnet

Og mykje Volvo. I Sandane fann me ein kombinert kaffibar og strikkebutikk, noko som passa ypperleg for Kaur «Strikke-junkie» Grønlien.

I morgon skal eg ha stand på Firda Vgs, medan Kaur skal holde to foredrag på Jølster. Deretter set me kursen mot Sogn att, der me skal ha stand på Sogndal Vgs på torsdag. Kom gjerne innom om du er i nærleiken.

Og ikkje gløym (dersom du er vestlending, vel å merke!), å ta turen til Bergen i helga. Det blir knall, me gler oss masse!

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s


%d bloggers like this: